![]() |
SunnhordlandPoddenAuthor: Kjetil Fyllingen Language: no Genres: Business, Entrepreneurship Contact email: Get it Feed URL: Get it iTunes ID: Get it |
Listen Now...
Adrijan og Emre - om Håndbak, treningsglede og store ambisjonar
Episode 39
Sunday, 27 September, 2026
Kva skal til for å bli god i håndbak – og kva skjer når ein kombinerer treningsglede, konkurranseinstinkt og viljen til å bli betre?I denne episoden møter vi brørne Adrijan Martiin og Emre Lundsvoll-Myhre, som begge brenn for håndbak. Emre har mellom anna konkurrert i NM i U18-klassa under 65 kilo, medan Adrijan kombinerer interessa for sporten med læretid innan fiskeoppdrett.Om litt skal Emre representere Norge i VM i India!Vi snakkar om trening, konkurransar, meistring og miljøet rundt Lindas Gym. Korleis er det å førebu seg til store meisterskap? Kva krevst for å utvikle seg – og kva er det som gjer håndbak så fascinerande?Ein episode om styrke, fellesskap, ambisjonar og gleda ved å bryne seg på andre.--- Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: I dag har podkasten ingen sponsor. Det er ikkje alltid like lett å få sponsorar til kvar episode av Sunnhordlandpodden – men heldigvis finst det ein liten gjeng som støttar podkasten som støtteabonnentar.For 29 kroner i månaden er dei med og gjer det mogleg å halde podkasten i gang. Slike bidrag betyr meir enn du kanskje trur, og gjer det lettare å lage nye episodar som løfter fram spennande folk og gode historier frå Sunnhordland.Har du glede av podkasten og har lyst til å vere med og heie? Då kan du bli støttespelar. Gå inn på: https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe













